Ørn på Holsenvatnet
Siste dagen i januar 2012 gjorde ei ørn eit forsøk på å
skaffe seg eit andemåltid. Anda som låg fredeleg på vatnet,
fekk det brått travelt.Den måtte dukke gong etter gong
medan ørna flaksa og stupte over den. Lukkelegvis for anda
vart det ikkje noko måltid på ørna. Etter vel 10 minuttar
iherdig innsats, sette ørna kursen mot Drøsinga, sikkert
endå meir svolten enn før. Ut frå den kvite stjerten såg det ut
til å vere ei havørn. Hadde dessverre berre eit lite
digitalkamera med dårleg zoom, og videoen vart
deretter.Men med litt godvilje kan du sjå både ørna og anda.

Sjå videoen her